Kva er støy?

Støy er definert som uønskt lyd, og desse deles gjerne inn i to typar:

  • Irriterande støy frå for eksempel ventilasjonsanlegg, vifte i pc-en og liknande.
  • Skadeleg støy frå støyande omgivnader > 80 dB (A) og impulslyd > 130 dB (C).

Støynivå blir målt i desibel (dB). Ein alminneleg samtale ligg på omkring 65 dB, mens eit rop når opp i omlag 80 dB. Skalaen er slik at kvar gong lydeffekten blir dobla, aukar desibelnivået med 3 dB. Lydeffekten av for eksempel 83 dB vil derfor vere dobbelt så høg som av 80 dB. Det er ikkje berre støynivået som er avgjerande for om ein lyd er skadeleg eller ikkje.

Kor lenge støyen varar og kor ofte ein blir utsett for han, er også viktig. Derfor måler vi støy over tid. Måling av støy på arbeidsplassen er som regel basert på samla støyeksponering over ein heil arbeidsdag.

Lyst på en prat om sensorikk og støy?